Noregsferie: Øyhopping i Ryfylke, Rogaland

Tekst og foto: Bente Stausland Skartveit


Mange vil nok utforske landet vårt denne sommaren òg, anten med eigen bil og overnatting på hotell, hytter eller telt, med bobil, eller kanskje med offentleg transport.


Uansett kva for framkomstmiddel du vil bruke, ligg øyriket i Ryfylke, Rogland ope for deg.



Kart over Ryfylke (Kjelde: Kartverket)


Med Stavanger som utgangspunkt kan du nå øyane i Ryfylke både som dagsturar eller som lengre turar med for eksempel overnatting i telt.


Oljehovudstaden Stavanger er eit besøk verdt i seg sjølv anten du kjem køyrande nordover eller sørover på E39, langs skinnene på Sørlandsbanen eller landar på Sola, men denne artikkelen skal ikkje handle om kva Stavanger har å by på.


Her skal du få nokre tips om ting du kan oppleve i eldoradoet av øyar som omkransar Stavanger.



På bildet: Fyret på Fjøløy



Gamle Rennesøy kommune (no Stavanger)

Mosterøy med Utstein Kloster og Fjøløy


Tenk deg at du vel framme i oljehovudstaden. Du har sjekka inn på hotellet, eller kanskje slått deg til på Mosvangen camping eit par kilometer utanfor sentrum. Dagen etter vil du oppleve noko anna enn det travle bylivet, du vil oppleve natur og kultur.


Du set deg i bilen, og ein halvtimes køyretur nord for Stavanger, bunde saman med to undersjøiske tunnelar, ligg øyane Mosterøy og Rennesøy. Heilt nordvest på Mosterøy, ytst mot den verharde Boknafjorden ligg Klosterøy og Fjøløy. På Klosterøy ligg Utstein Kloster, som er det best bevarte middelalderklosteret i landet, med ei vakker kyrkje og museum som er ope for publikum kvar dag frå midten av mai til august.



Gardsutsalet frå Klostergarden er òg verdt å få med seg! Besøk kyrkja og museet, nyt atmosfæren i den vakre hagen rundt klosteret, høyr på sauane som går rundt murane, og stopp i gardsutsalet til slutt. Her kjøper du med deg noko godt før du vender nasen mot Fjøløy.



Fjøløy er ei halvøy der det gamle Fjøløy Fort ligg heilt ytst mot fjorden. Her er det ei rekkje merka turstiar og grusvegar på kryss og tvers innimellom bunkersar frå krigens dagar og over bergknausane og lyngen heilt ut mot sjøen.


Ein stor inngjerda gapahuk med toalett og bord og benkar kan nyttast til matpausen om du ikkje heller vil ta nista med deg ut til det vesle fyret ytst på neset eller oppe ved den gamle vakthytta. Utsikta der oppe er formidabel sjølv om det ikkje stikk mange høgdemetrane over havoverflata. Her ser du vidt og breitt inn mot Stavanger og nord- og vestover Boknafjorden.




Stavanger Turistforening har òg ei ubemanna hytte her ute – ei sjarmerande perle. Du noterer deg dette til neste gong, for her vil du tilbake!






Rennesøy

Du tar turen tilbake til der du kom frå, og når du følgjer E39 nordover gjennom den neste tunnelen, kjem du til øya Rennesøy. Det er ikkje utan grunn at gamle Rennesøy kommune vart kalla «Dei grøne øyane», for her er det frodig! Mot nordvest er landskapet flatt og nesten jærsk, medan det på sørsida som vender mot Mastrafjorden og Mosterøy tidvis heller minner om Irland. Bratte sider som stuper ned mot fjorden – og så så grønt! Turmoglegheitene her er mange. Turistforeninga har merka ei rekkje turar som du kan finne skildra på ut.no.




Ein av dei aller mest sjarmerande er den korte turen nord på øya frå Bø til Knott. Det er ikkje meir enn 1,5 km kvar veg, men her får du verkeleg kjensla av Irland! I sommarhalvåret går du saman med sauane i nydeleg kulturlandskap med utsikt heile vegen over til Klosterøy.






Ikkje langt frå Bø, litt lenger ute mot vest, ligg halvøya Reianes. Her er det ein merka tursti rundt halvøya som tar deg over imponerande steingardar frå jernalderen og gravrøys frå vikingtida.










Ønsker du ein lengre tur, stoppar du i Vikevåg. Du parkerer ved bedehuset, kryssar vegen og følgjer den merka turen opp til Pilå på Vikefjellet. Ja, det er ei pil der – ei stor pil som snur seg etter vinden. Det er ikkje meir enn 214 moh, ofte vindfullt, men med ei storslått utsikt!


Turen opp er kort, men bratt nok til at du får opp pulsen. Men no er du oppe, og kan gå vidare austover på øya på merka stiar. Følg stien om Varden, vidare Sel før du går opp til Rennesøyhodnet. Her møter restane av ei gammal bygdeborg deg, og du får ei flott utsikta over Ryfylke.




Du vert ståande og nyte og tenkjer at innover fjordane, der vil eg! På vegen tilbake går du om Dalestemmen der du finn le innimellom trea og ved vatnet. Her er det fint tillaga til å fyre opp primusen og riktig kose seg. Kanskje er teltet med, og du bestemmer deg for å ta natta her. Tur-retur er denne turen om lag 15 km – ein flott tur i lettgått og nydeleg terreng som verkeleg kan anbefalast. Her får du vind og ver, natur og kultur, historie og landbruksliv tett på heile vegen.





Øyhopping


Dagen etter har du lyst på meir, og øyhopping mellom øyane i Ryfylke som er utan bru- eller tunnelforbindelse står for tur. Tar du hurtigbåt (og du kan ha med deg sykkel om bord òg) frå Stavanger får du ei nydeleg reise innover landskapet du såg frå Rennesøyhodnet . Køyrer du i eigen bil, køyrer du nordover på E39 og gjennom dei tre undersjøiske tunnelane frå Stavanger via Mosterøy og Rennesøy til Finnøy der du tar ferja innover.


Det er eigentleg berre å velje og vrake: øyane like vakre på kvar sitt vis! Her kjem eit utval tips frå meg:


Halsnøy



Den vesle øya Halsnøy – fyrste stoppestad etter Finnøy anten du kjem med hurtigbåt eller ferje – har ei særeigen form. Ho er nesten delt i to midt på av Skartveitvatnet, i nord kneisar Halsne-platået som du ser allereie frå ferjekaien, og i sør tronar Eikefjellet. Det er fleire merka turstiar på øya. Om du kjem til fots, foreslår eg at du følger merkinga til Halsnefjellet like etter ferjekaien (svart markering på kartet).


På turen opp og rundt Halsne går du blant sauar på behageleg underlag – tidvis noko blautt, så godt skotøy er viktig – med utsikt innover Ryfylke.






Kjelde: Finnøy kommune (no Stavanger) – mi markering.



Etter at du er kome opp på platået, går du mellom gardsbruka nedover mot kyrkjegarden, og du følger grus- og asfaltvegen ned til butikken og kafeen på Skartveit. Treng du fylle på proviant-lageret her, er det ein perfekt stopp før du går opp og bak butikken, gjennom byggefeltet, ut i utmarka, og gjennom bregne-krattet før du startar oppstiginga til Eikefjellet med sine 214 moh. Her er utsikta storslått! Du ser vidt og breitt i mange retningar.


Ta deg tid til å nyte før du fortset rundturen på austsida av øya og tilbake til butikken. Ein Skartveit-burger på Pakkhuset smakar nok fortreffeleg no, tenker eg!




Mett og lukkeleg ruslar du dei to kilometrane tilbake til ferjekaien og tar båten til Stavanger igjen – eller kanskje du reiser vidare innover fjorden. For ein dag, smiler du uansett!





Sjernarøyane


Å hoppe frå øy til øy anten med hurtigbåt eller med bil og ferje er ein super måte å feriere i Ryfylke på. Ta sykkelen med på hurtigbåten, gå i land på Sjernarøyane og sykle rundt på øyane og over bruene som knyter dei saman!







Kjelde: Finnøy kommune (no Stavanger)



Sjernarøyane er ei øygruppe som ligg nordvest i Ryfylke. Du går i land på Helgøy, syklar over til Nord-Talgje og vidare til Tjul, Kyrkjøy, Eriksholmen, Aubø og Bjergøy. Her finn du lune viker å bade i, gamle hus og gardsbruk, ei vakker kyrkje 1600-talet, koselege landhandlarar og trivelege spisestader. Og her finst merka turstiar!



Når du kjem over brua til Bjergøy, syklar du sørover og opp den bratte Bjergabakken. Vel oppe i krysset parkerer du sykkelen, tar med deg sekken, finn turstien og tar av garde mot Fuglahammaren – det høgaste punktet på øya. Sjølv om du ikkje er særleg høgt oppe – berre 169 moh – har du flott utsikt vestover og ut mot Boknafjorden.



Du vandrar vidare rundt øya, gjennom skog, over beitemarker, blant sauar og nyt det vakre kulturlandskapet.

Kanskje bestemmer du deg for å ta lunsjen din på Foranibba som kneisar bratt opp på vestsida før du vender tilbake til sykkelen. Du tar pedalane fatt igjen og syklar tilbake, men passar på å ta nokre stopp på Kyrkjøy, både for å besøke den gamle handelsstaden på Ramsvig med kunstgalleri og ved kyrkja.



Like etter brua over til Nord-Talgje parkerer du sykkelen, tar sekk og telt med og går på merka stiar til «Lagunen» på vestsida. Her er det vakkert og lunt og mange fine plassar å slå leir ved.


Du tar kveldsbad, nyt solnedgangen og berre er!




Ombo

Dagen etter bestemmer du deg kanskje for å oppleve ei øy som er noko annleis enn dei små, idylliske Sjernarøyane og Halsnøy; du går i land på øya Ombo.


Med sine nesten 58 km2 er dette den største øya i Ryfylke og nest største i fylket. Syklar du her, får du solid mosjon i tillegg til flotte naturopplevingar. For medan Sjernarøyane er flate og små, får du derimot både motbakkar og lengde på turen her.


På bildet: Den velkjente «Ombo-mannen» eller Adam som han også vert kalla, treffer du på om du tar landevegen fatt rundt øya.









Eit opplagt «must» å få med seg på Ombo er Bandåsen, det høgaste punktet på øya og faktisk i Stavanger kommune òg. Du kan anten starte fotturen frå Tuftene kai på austsida, eller nord frå Seltveit – begge på merka stiar. Turen vert noko lengre om du går frå Tuftene, men uansett går du i vakkert kulturlandskap heile vegen.


Oppe på toppen på 515 moh har du utsikt over det meste av Ryfylke og over resten av øya. Her får du eit inntrykk av kor stor øya faktisk er!




Etter ein god pause både for å nyte utsikt og medbrakt niste, bestemmer du deg for å utforske øya vidare og kanskje også slå leir for natta. På sørsida av øya finn du Kyrdalsvatnet, og her slår du deg til.




På andre sida av vegen er det merka sti opp til Borgaråsen der du kan sjå restane av den gamle bygdeborga.



Her er òg utsikta sørover mot Hjelmeland og Randøy flott. Du tar rundturen vidare og tilbake til Kyrdalsvatnet der du tar eit kveldsbad før du dagen etter vender tilbake til kaien for å finne nye opplevingar på andre øyar, eller kanskje bestemmer du deg for å utforske Ombo endå meir.


For éin ting er sikkert: du rekk ikkje over alt på Ombo på ein dag, verken på to eller fire hjul!


 

Klikk deg inn her for flere tips til fine destinasjoner og turer i Norge!